Bekkjarvik Maritime FUS barnehage  
  Forside
  Sjukdom
  FUS!
 
 


Kvar kjem krabbane frå og kvar krabbar dei hen?
Store opplevingar, små oppdagingar, læring, leik og latter i trygge omgivelsar.

 

Livet handlar om så mangt og byr på mange utfordringar. Du finn dagar med mykje sol og du finn uværsdagar. Me vil gjerne tilbringe desse dagane med ditt barn og bidra til at uværsdagane blir mindre grå og solskinnsdagane vert enda finare!

 

Her hos oss i Bekkjarvik maritime FUS barnehage skal born i alderen 0 – 6 år nytte dagen saman med eit personale som vil satsa på toleranse, tryggleik, humor og glede. 


Me har ein barnehagebåt som me nyttar så ofte me kan om hausten og om våren. Det vert mange fine fisketurar, og sjølvsagt må me smake på det me har fanga :-)

    

  
 
 
        Me er ein FUS-barnehage, og me har ein felles visjon:

SAMAN GJEV ME BARNDOMEN VERDI:
LEIK OG GLEDE,
KVARDAGSMAGI OG VENNEGARANTI


               


Me vil oppmoda foreldra om å registrere seg som brukarar til lukka område.
Dei som registrerer seg vil få eit passord på mail etter at dei har blitt godkjent som brukarar.
Dersom du ikkje har fått eit passord etter nokre dagar, kan det vera lurt å sjekke om det ligg under søppelpost.
Framleis ikkje passord? Ta kontakt med dagleg leiar: dl.bekkjarvik@bhg.no

 


Logg på administrasjonssidene